Statthaldarar i Noreg

Hannibal Sehested var gift med ei dotter av Kristian IV og var statthaldar i Noreg 1642–1651. Måleri av Karel van Mander.
Tilhøyrer portrettsamlinga på Frederiksborg slott.
Ulrik Fredrik Gyldenløve var son av kong Fredrik III av Danmark-Noreg og statthaldar i Noreg frå 1664 til 1699. Måleri av Wolfgang Heimbach.

Statthaldarembetet i Noreg vart skipa i 1572 og vara fram til 1739 med avbrot for åra 1583-88. Embetet blei oppretta att i 1750 og lagd ned i 1771.[1] Embetet blei oppretta att under Napoleonskrigane.

Statthaldar (frå nedertysk Statthalter, 'stadfortredar') er ei nemning på ein person som styrer eit større område på vegner av andre.

Statthaldaren var normalt òg lensherre over Akershus og han var etter tradisjonell meining òg den høgaste myndigheita i Noreg. Men om ein samanliknar med andre lensherrar og - etter 1660 - amtmenn synest han å ha vore den fyrste blant likemenn meir enn ein overordna. Påverknaden statthaldarembetet hadde varierte med innehavarane.[2][1] Det er fleire opphald i kontinuiteten. Det kan delvist forklarast med at oppgåvene i embetet var færre i dei fyrste åra og at det difor var mindre behov for ein kontinuerleg «jourhavande». Kongen kunne og vente med å nemne ut eller leggja ned embetet om han meinte det tente han betre ikkje å ha ein sjølvstendig, pro-norsk aktør i Noreg.

  1. 1,0 1,1 Statholderembetet 1572-1771 frå Arkivverket/arkivert utgåve
  2. To setningar er sitat frå Arkivverket.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search